Arrangementet Villblomanes dag i Fyresdal var i år lagt til Skulhommen i Kilegrend. Skulhommen er øvste delen av ein dal som gjeng vidare nedover i Ervedalen i Nissedal kommune. Bekken frå Skulhomtjønnane renn ut i Nisseråne mellom Tjønnefoss og Treungen. For å kome inn i Skulhommen reiste me inn skogsbilvegen forbi Kiland langs Kilåne til Mjåvatn. Herifrå var det ca 1 times gange inn til målet for turen.
I Skulhommen er det lite spor etter menneske. Her er verken vegar, hytter eller kraftliner. Det er også vanskeleg å finne spor etter noko form for skogsdrift. Spor etter reinsdyr, rådyr og elg er det derimot mykje av. Også bjoren har sett spor etter seg, med kanalar, dammar og hytter. Dammane er blitt biotopar for stokkender, krikkender og skogsnipe. I granleggene finst ringar etter tretåspetten, og i dei grove ospene har flaggspett og kjøtmeis reir. Her er også observert dvergspett, og i går kom fiskeørna siglande rett over fjellet her.

Bjoren
prøvar seg stadig på dei store ospene
I liene er det grov gran, osp og furu. Og i ei sørvendt li innunder ein bratt fjellhamar finst også edellauvskog. Her er det mykje alm, og i skogbotnen kryr det av små almetre som vil opp. Også hassel, lønn og krossved finn me her ca 550 moh. Ute på lyngrabbane og myrane finst det i same høgda også dvergbjørk. Ein heller uvanleg kombinasjon på eit ganske avgrensa område.

Læger
av lønn med ryemose, lungenever og sølvnever
Mange av trea er gamle. Det er rikeleg med læger av både gran og osp. Tidlegare er det funne granrustkjuke og rustdoggnål her. Det fann me ikkje nå, men både osp, rogn, lønn og alm hadde rikeleg med lungenever og også ein del sølvnever. Begge artar ein indikasjon på stabile økologiske tilhøve over lengre tid. Olavsstake er ein anna slik indikator på lang kontinuitet, denne gongen i granskog.
Me stoppa opp ved mange meir trivielle artar, som kjenneteiknar fattig vegetasjon i myr, hei og barskog. Fleire av dei har hatt stor nytteverdi, og erfaringar blei utveksla om både bruk og lokale namn. I lia innunder fjellet skifta vegetasjonen karakter, og mest alle dei typiske rike artane blei notert. Her var både turt, kvitsoleie, myske, sanikel, kratthumleblom, skogstjerneblom, skogmarihand, sumphaukeskjegg, kvitbladtistel, skogmarimjelle, kranskonvall, trollbær og firblad.

Den
sørvendte lia med grov osp, alm, lønn og hassel
Her fanst også grasartane hengeaks, skogsvingel og myskegras, som alle er indikatorar på god jord og gode veksttilhøve. Taggbregna, med sine flotte rosettar, og den kraftige og blanke ormetelgen blei lagt merke til. Her fann me også engtjøreblom. Det er ein meir austleg art, som også finst på austsida av Nisser og i Vrådal. Men i Fyresdal veit me ikkje om andre stader.

Rosett
med taggbregne
Det var bare 8 deltakarar på turen, som varte i 5 timar. I samarbeid med idrettslaget var turen gjort godt kjent med eigne oppslag og med kunngjering i Kommuneinformasjonen og i Kilegrend grendelag. Kanskje var det veret, med regn i frå morgonen, eller knotten som gjorde utslaget. Men regnet stilna av før me drog, og knotten var stort sett ikkje verre enn at me heldt ut. Det blei ein fin tur.
Helge Kiland