Sogn og Fjordane, Luster- Måsaviki
Turleiarar: Liv Norunn Hamre og Inger Auestad
Fotograf: Liv Norunn Hamre
Samarbeidsparnar: Sogndal turlag, Barnas turlag
Dette var ein samarbeidstur med Barnas turlag i Sogndal turlag, og dette er ein super kombinasjon! Masse interesserte born! I starten av turen fekk alle borna beskjed om å plukke blomar og legge i ei korg vi hadde med. Vi hadde høyrt rykte om ein flott skatt i Måsaviki (målet for turen), og denne skulle dei pynte. Vel framme, kom skatten fram (kaptein Sabeltann hadde plassert den der i løpet av natta…), to store sjokoladekaker som vi pynta med blomane som borna hadde plukka undervegs,. Dei som var etande vel og merke. På denne måten fekk vi snakka litt om giftige og etande planter også. Ungane var med på leiken, stor stas! Undervegs hadde vi fleire stopp og fortalte historiar om dei plantene me fann.
67 deltakarar totalt på turen, av dei var 34 born.
Værfold: Strålande sol og sommar!
Turen vart annonsera gjennom ei eiga pressemelding med bilde frå ein tidlegare tur. Denne vart trykt i Sogn avis, lokalavisa i området. Det var ikkje media med på turen.
