VILLBLOMSTENES
DAG arrangerast i år for fjerde gong i
Målselv. Søndag 15. juni er dagen.
Det er Norsk botanisk foreining som arrangerer denne samlinga, som er
eit fellesnordisk arrangement. Vi samarbeider også med Midt-Troms
fugleforeining, Målselv hagelag og andre foreiningar
som har sine interessefelt knytt til natur og grøne verdiar.
Målet med denne mønstringa er å stimulere interessa for-
og auke kunnskapen om floraen og naturen i nærområda. Desse blomsterturane går over
heile Norden og blir leia av erfarne, florakyndige folk. Dei er gratis for
deltakarane, og turleiarane tar oppdraget som innsats for vår viktige felles
sak, natur og miljø.
VILLBLOMSTENES DAG i Målselv går i år til Bjørkåsen i Kirkesdalen, til ei sørvest-vendt
og artsrik skogsli der blomstringa vil være godt i
gang.
Hugs at vi må kle oss etter vertilhøva. Ta
gjerne med mat og drikke.
Vi møter opp ved vegkrysset på Kirkesnesmoen.
Turleiar er
Velkomen til VILLBLOMSTENES DAG, eit fint høve til å nyte vakker blomstring og artsmangfald i den ville floraen i ditt eige nabolag!

Fjellpryd. Foto frå turen i fjor på Rostaaksla.