TURREFERAT FRA VILLBLOMSTDAG
14. JUNI 2009
Leikanger: Blomstervandring på Grinde
Eit av dei 20 utvalde nasjonale kulturlandskapa i Norge, Grinde-Engjasete i Leikanger kommune
Turleder: Liv Norunn Hamre
Referat fra turen i Leikanger.

Vi møtte gardbrukar Lars Grinde på tunet hans, og saman med han vart det ein flott runde på gardsbruket. Mange ulike artar blomstra i vegkanten og på enga, og ungane plukka og var ivrige. Dei lærde mellom anna å smelle med engsmelle-blomar, og med den gule engsoleia fekk vi testa om det var nokon som likte smør. Vi fortalte også litt om historien til dette særprega kulturlandskapet, som er plukka ut på nasjonalt nivå som eit av 20 prioriterte kulturlandskap i Noreg. Matpausen hadde vi på ei eng under mange flotte og velstelte askestuvar, og ungane fekk leite etter gullpengar i ein gammal steingard. Om det var Pippi, Sabeltann eller Langemann som hadde vore der med gullpengar, det var det delte meiningar om, men godt smakte dei!